I denne bloggen presenterer Falstadsenteret gjenstander, fotografier og dokumenter fra sine samlinger.
Hvert objekt har sin særegne historie.



This blog presents samples from the Falstad Centre's collections: objects, photos and documents.
Each object has its very special story.


22.01.2012

Det store året


Historikaren Sverre Steen kalla 1942 det ”store året” i norsk okkupasjonshistorie. Dette kom dels av dei store framgangane den norske motstanden fekk dette året, ikkje minst i haldningskampen der kyrkje- og skulestriden gav viktige vinstar. På den andre sida gav dette året også fleire dramatiske tilbakeslag, og okkupasjonsstyret skrudde si tvinge enda hardare kring det norske samfunnet.

Utviklinga i Noreg var langt på veg konsekvensar av krigføringa i det globale krigsteatret. Tysk motgang på austfronten og USAs inngang i krigen var blant teikna på at krigslykka var i ferd med å snu for Det tredje riket. Dette førte til drakoniske reaksjonar mot den motstandsaktiviteten som var i ferd med å bygge seg opp i det strategisk viktige Midt-Noreg. Overføringa av ei rekke sakstypar til SS-domstol er eitt utslag av det auka trykket. Fangetalet i fengsel og leirar auka, og forholda for fangane blei strengare. Forfølginga av jødane blei trappa opp. Utviklinga nådde eit dramatisk høgdepunkt da Terboven innførte unntakstilstand i Midt-Noreg i perioden 6. til 12. oktober. Under denne unntakstilstanden blei 24 menn dømde til døden ved standrett og avretta ved Falstad i samband med Majavass-opprullinga, 10 framståande Trondheimsborgarar blei skotne som soning for sabotasjeaksjonar, og alle mannlege jødar i området blei arresterte og sendt til Falstad.

Falstadleiren blei djupt involvert i okkupasjonsmaktas kamp for kontroll og makt over det norske samfunnet, og 1942 blei eit merkeår også i historia til leiren. Perioden frå mai og eit år framover var den hardaste tida for fangane i leiren. Dette var ein vilja politikk frå SD-sjefen Gerhard Flesch, som bytta ut kommandant og mannskap på Falstad for å oppnå den ynskte effekten. Dei fyrste avrettingane i Falstadskogen fann truleg stad på våren 1942. Det er usikkert, men grunnar til å tru at dei fyrste ofra blei skotne der den 7. mars: Olav S. Benjaminsen, Abel Bernstein, David Isaksen, Wulf Isaksen og David Wolfson. Seinare skulle mange følgje etter, dei fleste av desse sovjetiske krigsfangar og jugoslaviske slavearbeidarar. 


The year 1942 has been named ”The grand year” in the history of the occupation of Norway, due to both large successes and setbacks from the resistance’s point-of-view. As the tidal waves of the Nazi’s luck changed and their campaigns in the global theater of war were threatened and halted, resistance activities in the strategically important Middle Norway was met with draconic repercussions. The number of prisoners in jails and camps swelled, and the conditions for the prisoners worsened. The persecutions of Jews escalated. The development peaked dramatically with the proclamation of martial law in the region in October. Between 6thand 8thOctober 24 men were sentenced to death and executed in the Falstad forest, and 10 prominent Trondheim citizens were shot as “atonement” for resistance activities.

The Falstad camp was deeply involved as a tool for the occupational regime’s efforts of exercising power and control. The year following may 1942 counts as the harshest as far as the treatment of the prisoners is concerned. The SD chief Gerhard Flesch replaced both the camp commandant and the guards in order to achieve this effect. The first executions in the Falstad forest probably took place in Spring 1942. There are reasons to believe that the first victims were shot March 7th: Olav S. Benjaminsen, Abel Bernstein, David Isaksen, Wulf Isaksen og David Wolfson. Later, many were to follow, mostly Soviet POWs and Yugoslav slave labourers.