Den såkalla læraraksjonen blei eit høgdepunkt i utviklinga av den sivile motstandskampen under okkupasjonen. For å stø opp under den nasjonalsosialistiske skoleringa av norsk ungdom, innførte NS i februar 1942 ”Lærarsambandet”, med pliktig medlemskap for alle som skulle undervise i skulen. Medlemskap førte med seg plikt om ideologisk undervisning. Dette førte til massive protestar. Parolar blei sendt til lærarane rundt om i landet, og 12000 av landets om lag 14000 lærarar skal ha skriftleg nekta å melde seg inn. Som ei følgje av dette blei 1100 lærarar arrestert rundt i heile landet frå 20. mars. Dei blei fengsla under til dels harde vilkår, og sett under sterkt fysisk og psykisk press for å melde seg inn. Arrestasjonane, transporten og den harde handsaminga av lærarane blei følgd med interesse, spenning og gru av befolkninga, og for mange var det klart at det her pågjekk eit viktig slag i haldningskampen.
Mange av lærarane blei fengsla på Falstad, og desse var nok blant dei av lærarane som satt hardast i det. Presset førte til at lærarane på Falstad skreiv under – med eitt unntak. Den 24. april slapp lærarane ut av Falstad. I ettertid har Falstad blitt omtala som staden ”der lærarfronten sprakk” og ”det største nederlag i lærarstriden”. NS og leirleiinga kom med sterke trugsmål, og lærarfangane fekk uoversiktlege rapportar om kva som skjedde med lærarar andre stader. Kombinert med forsikringar om at medlemskapen ikkje førte med seg plikter om nazistisk undervisning, gjer dette avgjerda om å skrive under forståeleg. Også andre stader blei fengsla lærarar tvungne til å melde seg inn, men ofte var dette fyrst etter at lærarsambandet var omgjort til ein upolitisk organisasjon som følgje av den store motstanden. Når alt kom til alt blei striden om Lærarsambandet eit tydeleg nederlag for NS-regimet.
Teachers as prisoners at Falstad
One of the most dramatic events of the civil resistance in the history of the occupation was the events that followed the NS-regime’s law of mandatory membership in the NS Teacher’s Union. All teachers in Norwegian schools had to sign up and commit themselves to teach according to NS ideology. Massive protests followed, and the overwhelming majority of the teachers refused. As a result, 1100 of the teachers were arrested all over the country. They were treated harshly, and subjected to strong physical and psychological pressure. The arrests, transportation and treatment of the teachers were followed with anxiety by the Norwegian population.
Many of the teachers were incarcerated at Falstad. The physical treatment, the threats and the general uncertainty concerning both their own situation and of the conditions outside the camp led to their acceptance of membership, but only after the membership was stripped of its ideological duties. The signing of the Falstad teachers has nevertheless been dubbed “the greatest defeat in the teacher’s struggle”. All in all, the Teacher’s Union was a major setback for the NS regime.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar